Ferdig!

Då var praksis endelig over, og ni veker med forskjellige avdelingar og sjukehus er unnagjort. Deilig å være ferdig. Spesiellt ferdig med Livingstone. Men til tross for ein del frustrasjon og overaskelsar frå praksis har me eigentleg hatt det kjekkt. Ledd mykje, og sett mykje. Eg trur me vil finne ut når me får kommen oss heim og fått det litt på avstand at me til tross for kva me forventa oss har lært mykje i her nede. Og på ein måte blir det litt trist. Møtt mange forskjellige mennesker, både når det gjeld sjukepleiarar og pasientar. Ein kan tydleg sjå kultur forskjellane frå Noreg og her nede. Rett og slett ei kjempe opplevelse me ikkje ville vært foruten!

Idag har me vært i townshippen me var i Home Based Care veka for å levere ein del kleder og ting me har greid å samle opp i løpet av denne tida her nede. I tilegg hadde me kjøpt litt ting til dei som dei trengte. Frø, hageredskap, tepper, glas, fat osv. Blei ein del tilslutt når alle sammen hadde lagt med sine ting.

Når me kom blei me sittande å venta ei lita stund før både lokal avisa her nede og ein mann frå helsedepartemente( eller noko?) kom. Det blei ei lita samling inne på senteret der me takka kvarandre for erfaringar og for tinga me hadde tatt med.  Og me takka for at me fekk være med dei rundt i townshippen så dei kunne vise oss korleis dei jobba. Etterpå var det biletetaking og klemming i frå alle kantar. Det verka som senteret var veldig glad for det me hadde tatt med, me sa litt om kva me ville skulle gå til senteret og kva me ville skulle gå til folka i townshippen. Me håpar dei greier å dela det ut til dei som treng det mest:)

dsc00293
Pakka i bilen

dsc00297

dsc00301


dsc00305
Cassie blir intervjua av lokal avisa

dsc00316
Oss og ungane på senteret

dsc00307


img3604
Tusen takk til alle som gav pengar!



No reiser me på ferie i tre veker og gledar oss masse!

Obduksjon eller bortføring?

Igår var me vært å sågt på obduksjon( eller bortføring så Eva har gått rundt å fortaldt alle). Me hadde laga avtale med den nokså spesielle patologen på sjukehuset, Mr. Lewis, og tok turen opp til politihuset der obduksjonen av folk utan heilt sikker dødsårsak blir obdusert. Sidan alle var ganske skeptiske til heile turen pga av ein ganske markaber filmsnutt på mobilen til Mr. Lewis, hadde me sikkra oss munnbind:)
Me blei tatt imot av ein av patologane og vist inn i eit kvitt sterilt rom, her låg det tre personar, den eine pasienten( kanskje ikkje det rette ordet). Hadde me på trauma sett før. Han kom inn når me jobba i helga, og dø mens me såg på. Så dette tilfelle var kanskje ekstra interessant. Sjølv om me alle har, på eit eller anna tidspunkt på Livingstone, sett eit lik, var dette litt meir spesiellt, sidan me visste me snart skulle få sjå litt meir av dei enn til vanleg. Det første dei gjorde var å måle og vege dei, det med veginga var litt vanskelig, sidan dei ikkje hadde vekt, så då blei det rett og slett utført på den gode gamle "gett vekta" metoden. Me fekk delta.. Etter dette satte dei igang, dei var ialt seks stk som arbeida med lika. Dei lagde snitt frå haka og ned til skrittet, så brukte dei det som likna styggt på hagesaksa til mor for å fjerne ribbebeina. Vanligvis hadde dei ein viss peikepinne på kvar dei skulle leita, og tok difor berre ein kort tur innom dei viktigaste organa for å skjekke at alt var som det skulle, pga av prøvar for overdose og at me var på besøk, gjorde dei litt meir utav det og viste oss grundig rundt i kroppen til den eine av pasientane(to av pasientane hadde overdose som dødsfall, ei kvinne var slått ihjel). Dette var veldig interessant å få sjå korleis ulike sjukdommar påverka organa og korleis dei var å ta på og såg ut. Dei laga og snitt i hovudet og bretta ned halve ansiktet så dei skulle komme til hjernen. Denne tok dei ut å skjærte i for å sjå etter feil og manglar(høhø). Det siste liket var av ei kvinne, her skjekka dei nesten kun hjernen for å finne klare bevis på at ho hadde blitt slått ihjel. Ein kunne tydleg sjå store blødningar, og patologen kunne med sikkerheit seie at dette var årsaken til dødsfalle. Etterpå la dei organa inngjenn i kroppen, ribbebeina på plass og sydde igjen. Det samme med hjernen. Sjølv om dette var ei veldig spesiell opplevelse, var det likevel interessant og me blir stadig imponert av kva me er i stand til å takle å sjå her nede.




I.C.U. - Intensive Care Unit

I to veker no har eg (Eva), Kristine, Elin og Michelle vert på icu unit på Livingstone, mens dei tre andre har vert på Trauma. På Icu'en går det for det meste stille og rolig for seg sidan dei fleste pasientane er i koma, og dei som ikkje er i koma er tilkobla respirator så dei må halde senga dei og. For det meste fastbunden i senga. Icu unit er delt inn i tre unit'er (rom) og ein high care unit. Her er me fordelt over unitane og kvar pasient har ein eigen sjukepleiar som følger dei opp den dagen. Det er fire pasientar på kvar unit. Det er reint og fint der, og dei har da mesta av utstyr som ein treng. Me har vel enno ikkje opplevd at dei har gått tom for noko, som er i grunn litt uvant for oss. Me får ein sjukepleiar me skal vera med kvar dag, så da er nesten som praksis i norge, der me har ein kontakt me henvender oss til viss det noko me lurar på. Og dei andre sjukepleiarane der er hyggelige og opne for å svare på eventuelle spørsmål me har. Dette og er noko uvant for oss, og dei tar oss med på kva som skjer i avdelinga og har lært oss opp i rutinane og sender oss på legerundar. Det er veldig greit at me endelig får føla at me lærar noko, sjølv om dagane består ofte i å ta observasjonar kvar time, så har me lært oss og lese av Bepap og Cpap maskinar, og me har fått være med og stelle og "suge" trachostomi, sidan dei fleste pasientane har trachostomi. Noko som foresten på ingen måte gjøres som i norge, ein kan kort og godt seie at prossedyrane her bryter stort sett alle prinsipper om aseptikk og hygiene.

Pasientane som er på uci'en er svært dårlege. Det er kun dei dårlegaste som får komme der, og pasientar som for eksempel kommer imm med ketoacidose (nylig oppdaga diabetes) som eigentlig skulle vert på icu, blir sendt direkte til avdelinga. Istadanfor er icu uniten fylt opp med pasientar som har vert utsatt for gunshot og knivstikk, og nokre få kommer rett frå operasjonssalen med ein ustabil tilstand . Det er og pasientar som har blitt overfalt og voldatt og er i koma på grunn av dette. Ofte kan det være ein kombinasjon av alt som gjer at dei er så "heldige" at dei får være på icu'en.

Det er leger der frå ca 9 om morningen til litt utpå dagen. Dei har først legerunde på heile uniten som består i å lære dei andre legene om tilastanden til pasinentane, som gjer at det er lærerikt og være med på runden, og etterpå gjer dei ulike undersøkingar og prosedyrar inne på avdelinga. For eksempel legger dei inn dren inne på uniten, og dette får me være med på. Det er veldig spesielt og sjå nokon pirke med fingen borti lungene til folk, men det er vel kanskje det dei må gjere? Og så har me fått være med på peritornaldialyse. I tillegg så har vertfall Eva lært at obduskjon på engelsk ikkje heiter Abduksjon (kidnapping), men autopsy. For Eva har nemmelig dei siste to dagane fortalt søstrene på avdelinga at ho skal opp på politistasjonen for og  Kidnappe (Abduksjon), søstrene har berre sett rart på ho og gått. videre. Eg kan fortelle at Eva i samme slengen ikkje fortalte kva ho skulle kiddnappe eller kordan, og eg som tilskuar til dette (Kristine) syns det var fryktelig morsomt og sjå på Eva som fortalte til folk denne hendelsen ho skulle ta del i på onsdag. For på onsdag har me nemmeleg ordna oss ein avtale med ein patolog som skal ta oss med på obduksjon, dette foregår på politistasjonen.

Som me tidligare ha fortalt er ICU søstrene i en annen liga når det gjelder og inkludere Norske sykepleier studenter, men likevell er det en del ting som vi syns er snodig med denne gjengen. Blandt anna synet på sammarbeidet med legane, Eva har nemmeleg blitt fortalt i dag at ein aldri skal være einig med kva legane seier, men ein kunne heller sei seg enig om å være uenig.
Kristine sin oppfattning av søstrene er at de er dyktige, og kan mykje, men dei bruker kunnskapen sin på de rareste måter. Mobil telefoner er som prinsippsak ikkje tilatt på avdelingea for det kan virke inn på det tekniske utstyret, men dette viser seg vist kun å gjelde pasient og pårørende, sidan søstrene støtt og stadig sitter og chatter med kvarandre på mobilen, og utveksler ringetoner, som de på ingen måte prøver og skjule da det ikke er unormalt og høyre ringetoner kime bak et forheng, etterfulgt av nokon merkelige utsagn på Xhosa.

Kristine koser seg og her på ICUen, her ho deler sin frykt med Eva for den evig truande mobile røntgen maskina som ved gjevne mellomrom vanker på avdelinga, i følge med to radiografar som på ingen måte tar hensyn til at to norske studentar er livredde for stråling. Dei gjer ein advarsel ca. 2 sek før dei tar bilde, då dei plutselig ut frå blå himmel ropar "shoot" og då er det stort sett for seint (selv for oss spreke vesen) og komme seg i ly. Me har rett og slett måtta laga oss ein rutine på evakuering av oss sjølv når den er innen rekkevidde, noko radiografane bare ler av, og syns det er overdreve av oss og ha ein frykt for at våre framtidige avkom ska få missdanningar som konsekvens av denna bilde takinga.

Dessverre har me svært få bileter frå ICU'en då me har fått beskjed om at det ikkje er lov å ta bileter inne på avdelinga.





Lørdagskveld på trauma

Denne veka har meg(Marie), Helene og Malin vært på trauma(akutten). Me blei i første omgang delt opp på tre ulike plasse, men går for det meste ilag rundtom der det skjer noko. Veldig mykje sying av knivskadar og mangen som kjem inn for å ha blitt banka eller vært i bil ulykker. Dei fleste som kjem inn kjem frå townshipen. Livingstone har er akutt sjukehus nr 1 i Port Elizabeth. På onsdag kom det inn ein mann som hadde blitt banka på jobb, og fått blod i brysthula, og måtte legge inn dren så han skulle få ut blodet. Dette blei gjort i lokal bedøvelse, og pasienten vrei seg i smerter når han pressa inn drenet.  Det var vanskelig å komme til så legen måtte presse fingeren inn i såret for å leite seg fram.
Ein anna pasient hadde fått kolbrann i tåa, det hadde begynnt allerede i april, men var ikkje blitt gjort noko for det før. Heller ikkje denne gangen blei det gjort noko, pasienten hadde fått beskjed om å amputere tåa, men legane ville ikkje gjere det denne gangen heller, så me måtte lege på bandasje på tåa, og pasienten reiste heim.. Ting tar tid, spesiellt i afrika.

Idag var me på kveldsvakt, hadde blitt anbefalt å jobbe ei helg, så denne helga passte fint. Lønningsdag på fredag så då er det visst ekstra mykje som skjedde. Me var for det meste på A theather, der dei driv meste parten av syinga. Litt etter kvart som tida gjekk kom det fleire og fleire blodige pasientar inn. To stykken som kom hadde akkurat rana ei kyrkja, med pistol, heldigvis hadde presten funne ut at det ikkje var kuler i pistolen og tatt han ifrå han og deretter banka dei opp. Dei kom inn for kutt i hode og auga, og var tydlig banka opp. Dei forstod sjølvsagt ikkje at dei hadde gjort noko gale og hevda sin uskuld.

Ein anna pasient kom inn med blod over heile seg, han var blitt angrepen av naboen med ein tekopp, Det var vanskelig å skjønna kva han sa, men det kunne verka som problemet mellom han og naboen handla om elektrisitet. Han verka nåke dessorientert og for mykje att og fram, til dess han blei sydd, det er sjukepleiarane som syr for det meste sidan legane ikkje har tid til alt. I det eine såret viste det seg plutselig at det var arterie som blødde, sjukepleiaren fortaldte at han burde gå inn i såret å klemme av åra, men at han kunne prøve å sy igjen og, sidan han snart skulle av vakt, verka det som han såg på denne moglegheita som den mest aktuelle, og sydde igjen, dette gjer naturligvis ikkje at åra tettar seg like godt. Det såg ikkje ut til å være noko problem..

Mens me holdt på å sy igjen mannen eg nevnte istad kom det inn ei dame dekka i blod, ho hadde blitt skåre i hovudet og sil blødde frå fleire plasser. Frå ho kom til me gjekk var det vertfall 2 timar. Utan at nokon gjorde noko med det. ho måtte ligge å vente på lik linje med alle de andre. Berre det mest akutte, kom fram i køen. Etterkvart som kvelden gjekk blei det berre fullare og fullare inne på det 20 kvaderatmeter store rommet, og utan lufting blei det ganske tett etterkvart. Til slutt var det nesten umulig å bevege seg, og halvparten av pasientane var fulle av både blod og alkohol. Og 80% av skadene var knivskader frå assault( angrep, overfall) og resten var MVA(bilulykke) og anna skade. KJempe interessant å være på truma på ein sånn dag, ein får verkeleg sett korleis det er i dei dårlege delane av PE, og kor mykje sjuke skadar som er ute å går. Kniv og overfall verkar å være den beste måten å løyse konfliktar på her nede til tider. Mange av pasientane som var kommen inn hadde og bare vært utsett for vold på gata på veg heim, eller i butikk med væpna ran. Ein av dei andre grunnane til at det var så travelt på akutten på livingstone var at dei andre akutt avdelingane på dei andre sjukehusa mangla legar, så alle skadene blei sendt til Livingstone, som også er underbemmanna.

Litt bileter frå trauma denne veka


A- theather


Eit av romma på POC( medisinske legar på vakt). Nyleg vært vindusvask og på detta bilete.


Orden i sysakene, nåler som ligger å slenger litt rundtom er ikkje det mest uvanlege her nede..


Vask som er ute av drift?




Vasking på går, derfor er vegen inn til akutten stengt, så om det skulle komme noko heilt akutt, får det rett og slett bare venta..


B- Theather, blir helst brukt til å legge lika på i vente på å bli henta ned til lik kjellaren.


Jadda, leite etter brudd..


Kolbran, begynnte allerede i april, venta på behandling.


Flinke Helene, legg på bandasje, pasienten ville ha på elektrode gel, men der gjekk grensa, sjølv for oss;)


To av dei som hadde rana kyrkja, og blitt banka opp av ein prest.










Har vært ei spennande veka på trauma!

Tilbake til Livingstone

Denne veka er me tilbake til Livingstone, og skulle være på ortopedisk. Me blei som vanleg delt opp i to grupper. Marie, Helene og Malin på menn. Elin, Kristine, Eva og Michelle på damer. På menn begynnte det som vanlig med stell, observations( blodtrykk og tempratur). Etter dette er det som regel ei lita stund der det er stille, ofte den tida dei andre søstrene går til te tid. På denne tida pleier me gå rundt å lesa journalar. (Desse journalane skal ligge ved sengekanten, men me finn dei ofte ved nabo senga eller på tilfeldige bord rundtom. Av og til tar søstrene med seg journalen og låser det inn i skapet sitt i te tida, hehe. ) PÅ ortopedisk var mange av årsakene til at dei kom inn stikkskader, som knivstikk, knuste flasker og i nåken tilfeller var dei blitt påkjørte. Mange seier at dei er blitt rana på open gate eller når dei satt i butikken, eller i heimen sin. Den første me såg i hadde dren inn i lungene på grunn av at han var knivstukken nær hjerte og det var kommen masse væske inn til lungene( det var i vertfall det me trur skjedde, litt problem med tyding av skrift i journal og kommunikasjon med legar og sjukepleiara). Pasienten fortaldte sjølv at det var kommen nokon inn til han og stukke han og søstera med kniv, litt usikker på om dei skulle rana eller kva formålet var. Ein av dei andre pasientane hadde bare sidene på nasa igjen, og det stod i journalen at han hadde blitt slått med knust flaske i ansiktet og på begge hendene. Han låg å venta på operasjon.
Ein anna pasient igjen hadde vært i ei bilulykke, der eit gammal ektepar hadde tatt ein ulovleg usving i eit kryss. Han og venta på operasjon. Han fortaldte at det var egentli greit, for han rekna med å bli frisk og når han var ferdig trengte han ikkje jobbe meir i sitt liv. Me tenkte at han kanskje blei uføretrygda, men når me spurde sa han at det var fordi han skulle saksøke dei som hadde kjørt på han og han rekna med å få ein del pengar for det.

Etter denne journal runden var me med på sårstell, fekk faktisk lov å stelle sår sjølv og:). Det eine såret var ein som hadde blitt skoten i foten i juli, men såret hadde ikkje lega slik som det skulle og han hadde vært til transplantasjon av hud, og musklar eller fett?. Likevel såg såret veldig spesiellt ut. Det var ei lang grop i foten med ei stor "kjøttkake" midt i såret. Det såg ikkje spesiellt bra ut. Men pasienten verka å være fornøgd. det er tross alt det viktigaste:)
Eit anna sår me skifta på var vanlig brudd med plate. Her hadde det eine stinget sprutte opp, og arret var naturlegvis blitt ganske styggt etter det, det var over ei veke sidan operasjonen men såret blødde fortsatt. Dette såg heller ikkje ut til å uro nokon.  Til tross for litt spesielle sår, var det kjekkt å gjere litt praktiske prosedyrar igjen:)

Onsdagen var me på pediatrisk, også ortopedisk. Her var det egentli lite å gjere så me fekk på torsdag være i operasjonsalen. TIng fungerer naturligvis ikkje heilt slik som i norge, og me fekk gå litt til og ifrå på alle dei seks operasjonssalane dei hadde der. Å få ordna til å være på operasjon var heller ikkje så vanskelig. Me fekk ta bilde der legane stillte vilig opp, og alle som jobba der var greie og viste oss og fortaldte kva som skjedde under operasjonen. Den eine operasjonen kunne vare i seks timar og var ein veldig risikabel operasjone. Me kom og gjekk litt ifrå og fekk sjå nesten rett ned i operasjonsåret. Først opna dei magen midt på nesten og skjerte seg gjennom. Delte magesekken i to, men noko så lika på ei strittetang, og slengte begge delene til sides.Operasjonen blei litt meir kaotisk når pasienten blødde ein del og hadde mista då me gjekk for dagen over tre liter blod, og dei var fortsatt ikkje ferdige.




Meg og Malin i flotte operasjonskleder, heilt neders i bilete ser du dei ganske populære NMMU veskene alle her på livingstone går å sikla etter.


Helene og kirurgane, late som dei jobbe for bilde sin del:)


Helene og kirurgane, smile t kamera, og for bilde sin del:)


Leite ette ka som e gale?


Eit lite stykke blindtarm


Syr igjen..


Og her kjeme da t å bli eit lite fint arr midt på magen..

Operasjonssalane var veldig annleis enn resten av livingstone, det var reint og såg ganske nytt ut. Kor sterilt det egentli var er ein anna sak sidan folk kom og gjekk frå operasjonane, dørene stod åpne og her nede nektar eg å tru at dei har lært å ta på sterilt utstyr. Uansett var dei veldig kjekke og det var kjekkt å få sjå så mangen forskjellige operasjonar på ein dag:)

Eit lite stykke Brann

Denne veka har me vært på brann avdelingar på Dora Nginiza, eit anna sjukehus i PE. Me blei delt opp i grupper som vanleg, og fordelt på tre avdelingar, menn, kvinner og barn. Mandag, onsdag og fredag er dei dagane dei åpner alle såra. og spesiellt på barn var dette kraftig kost, ungane begynnte å grine med ein gang dei skulle klippa bandasjen, mest sannsynligvis i frykt for kva dei visste skulle skje. Første dagen var eg(Marie) og Helene med eine ungen inn for å bade. Me måtte halda ungen mens søstrene såpa og skrubba såret fritt frå laus hud og væske. Dette var selfølgelig ikkje kjekkt, og begge var stort sett på gråten gjennom heile badet. Ungen hylskreik. Etterpå blei såret pakka inn i plast så legen skulle få sjå utviklinga før dei surra bortimot tre meter lange bandasjar rundt såret, slik at armen( der såret var) blir ståande 60 grader ut, dette fører til at omtrent heile armen ikkje kan brukast. Dette var ergo terapeutane sin store fortvilelse. Ingen foreldre var å sjå på avdelinga, dei kunne komme til dei barna som amma fortsatt, men sjølv desse tidene var begrensa. Søstrene sa det var fordi dei ikkje hadde byggd ut slik dei skulle gjere seinare. Likevel er det nok mange av foreldra som ikkje hadde kommen likevel pga dei ofte er årsaken til at barna har fått sår.

Det andre såret me var med å stellte på mandag var ein gut som hadde fått så store brannskader på forten at han hadde transplantert hud frå heile den andre foten. Såret hadde masse blod og masse væske. og kompressene og jelonetten( type sår"bandasje") hadde festa seg inni huden og han hylte og skreik. I tilegg for å ikkje gjera saken noko betre, hadde de festa den transplanterte huden med stift over heile foten, som me måtte plukke ut, dette  var selfølgeli ingen kjekk oppgåve når han hylte og skreik heile tida.

For mange er det ofte foreldra som er årsaken til såra. Søsterene fortel at foreldra ofte seier at det var eit uhell, men at ein kan sjå på såra om det er det eller ikkje. Ofte kjem ungane inn med sår 20 timar etter det skjedde, og det ser ikkje ut til at så veldig mange har hatt kaldt vatn på såra rett etterpå heller. Den eine guten me såg hadde fått kokande vatn kunn over auga, då me spurde kven som hadde gjort det fortaldte han at det var mora. Eit anna tilfelle er ein 1, 5 år gammal gut som blei brennt inne, mora og faren krangla og så blei mora så sint at ho tennde på huset/skuret dei budde i, med sonen inne. Denne guten er totalt brennd i ansiktet og har ikkje nase, eller øyrer lenger, og ingen augenlokk. Har mista fingrane og heilt brennd på skallen. Meg og Helene fekk være med på operasjon då dei skulle transplantere hud frå låret og til hovudet. Problemet var bare at det ikkje er alltid like lett å vete kor ein skal ta hud frå på ein så liten kropp som er så brennd over alt. Det er mange triste skjebnar. Og speseillt trist er det når det er på bran. MAnge av ungane forstår jo ikkje kva som har skjedd eller kvifor søstrene må rense og "være stygge" med dei.  Sjølv om mange av metodane er dårlege og skremmer ungane meir, er det likevel mykje betre her enn på livingstone. Personalet er mykje hyggligare og verkar å være opptatt av at desse barna skal få det så godt som mogleg, og gjer det beste dei kan med det utstyret dei har. Sjølv om nåken av metodane kanskje er litt i værste laget, som f eks ein eller anna form for syre på brann sår for å drepe bakteriane.


Gut 5 år, her prøver eg å ta ut nåken av dei millionar av stifta han hadde i foten


Meg og verdens finaste unge..


Middagstid:)


Eva med ein av dei minste på barneavdelinga

Eva, kristine og Michelle har denne veka vert stasjonert på manne avd. noko som har vert ganske interessangt. Her kom det inn mange stygge brannskadar, der "boiling walter" og "sleeping with candles" stort sett var årsaken til skadene her. VI er blitt fortalt at slike slike brannskader er ganske vanlige her, da kokende vatten i mange sammenhenger blir brukt som våpen. Spesiellt gjelder dette kvinnene som bruker det i forsvar mot sin mann, da de har ingen andre middler og beskytte seg med.
Rutinene på avdelingen også her, er at en opner sårene 3 ganger i uken, da går det på løpende bånd, noen klipper av bandasjen, noen vasker mens andre legger på ny bandasje. Sykepleierne er faktisk ganske dyktige her, og lar oss delta i arbeidet, me fekk og beskjed om at me måtte slenge oss med på det som skjedde rundt om kring på sykehuset no når me hadde mulighetn. Og det gjorde me. Tirsdag trappa me opp på operasjons salen og ville være med på hudtransplantasjon, me fekk utlevert kver sin operasjons skjortel i størrelse XXL, og bukser det hadde dei ikkje inne, so me måtte gå uten. Pasienten var ein liten gut som skulle transplatere hud fra beina til brystkassen. Sidan anestesien var sein, var det på denne operasjons salen Eva for første gang skulle holde ein unge heilt aleine, i ett forsøk på og få han til og slutte og grine, som i bunn og grunn ikkje gjekk så veldig bra.


Såret til ein av pasientane på brann avdeling menn.




Flotte operasjonskleder:)



Operasjonssalen( The Teather) for transplantering av hud.

Denne veka har me og forvilla oss ned på fødeavdelingen og fått me oss diverse ukontrollerte fødslar og et par keisersnitt. Eva og Kristine var med på sitt første keisersnitt på onsdag, noko dei seint kjem til og gløyma. På operasjons ståva spelte dei Michael Jacson, og både kirurgen og anestesien dansa og song me. Ungen som vart operert ut var ei pittelite jenta på ca.900g, som vart tatt ut i 7mnd. Når me skulle inn i operasjonsdalen fekk me nok ein gang utlevert kver vår kjortel, denne gangen var dei brukte, Helene fekk ein god og varm ein, og det var blodflekker frå tidligare operasjonar rundt om kring på kjortelen. Når me kom inn i operasjonssalen stilte me oss fint opp på ei rekka, og før me fekk sukk for oss var det første kuttet gjort, og heile operasjonen gjekk i grunn radigt med kutt, kutt, dra, strekk kutt ungen ut, sy igjen. Me sto litt sjokka tilbake men da operasjonen var ikkje så gale som enkelte av oss frykta.

I tillegg så fekk nokre av oss (Marie, Eva og Helene) ein litan omvisning på psykiatrisk avdeling. Detta var helst for oss spesielt intereserte, mens resten blei igjen på fødeavdelingen. Me kom inn i eit avgrensa område med gjerde over alt, og det heile såg ganske dramatisk ut. Når me kom inn på avdelinga og fekk omvisninga, viste det seg at den psykiatriske avdelingen på Dora Nginza bare var ein observasjonpost der dei var i 72 timar, og det var nesten ingen pasientar der. Rommene bestod av senger som var ein benk med ei madrass oppå, og det låg rundt 8 pasientar på kvart rom, og felles toalett uti gangen. Skjermingsrommene var som ei glattcella i norge, med ei madrass på gulvet og eit hull i gulvet. Her kom dei som var urolige og utagerande, og dei bipolare. Her var dei til dei blei rolige igjen, men dei sjekka til dei ofta. Kva ofte vil seia i Afrika er me litt usikre på. Me fekk og ein leksjon om kva medisinar dei brukte, og da kan vel i grunn minna litt om norge trur me. Sjukepleiaren som viste oss rundt på avdelingen var eit kapittel for seg sjølv. Me mistenkar ho for å ha jobba litt for lenge i psykiatrien, og kanskje vert og forsynt seg litt i snopeskapet i tid og stunder. Ho var rett å slett galnare enn dei få pasientane som var der, der ho sang og dansa og veiva med armane bortover gangen. Nok ein gang sto me litt sjokka tilbake og bare observerte kva som skjedde foran augene på oss.


tilslutt eit bilete av Eva som gjer kontor arbeid:)

Ekstremsportveko SA


Sidan me no har vert i Sør Afrika, Port Elizabeth i ein månad fant me ut da var på tide å begynna med litt ekstremsport. Her i Afrika kan du gjere ALT du nokon gang aldri har drømt om. Bare det å gå på gatene, for å ikkje snakka om å kjøra bil er jo i grunn ekstremsport i seg sjølv. Men på torsdag fant me ut me skulle våge oss ut på nye eventyr. Eva, Kristine, Malin og Elin tok turen bort i streeten og lånte oss surfebrett. Me gjekk inn i ei surfeshappa og spurde om me kunne få leige brett og få ein surfetime, og fekk beskjed frå surfeduen at da gjekk heilt fint, og me kunne få time akkurat korti me ville, han bare stengte butikken. Så då var det bare å hive seg i våtdraktene og slenga seg i bølgene. Da begynte rolig med litt tørrtrening i sanden, og så ut i bølgene. Nokre av oss tok det litt fortare enn andre, og nokre var fornøyd med å komme seg opp på knær på brettet. Etter tre timar med knall å fall, å surfebrett som blei tatt av vinden, var heile eventyret over, og armene var ute av drift. Konklusjonen blei at surfing var ein tung sport, men ga mersmak for samtlige.

På fredagen pakka me oss i bilane og kjørte til Greihamstown, som ligg ca ein- to timar unna Port Elizabeth. Full i forventningar og sommarfuglar var det klart for Fallskjermhopp. Me stilte opp 8 nervøse jenter og sa me skulle hoppe. Og her var det ikkje snakk om å gå i sirup. Me skreiv under på eit skjema og før me viste ordet av det var første gruppa oppe i lufta. Me hoppet i tre puljer (tre, tre, to) sidan me var så mange. Flyturen opp for å nå nye høgder var på rundt ein halvtime, og turen ned igjen var ikkje fult så lang. Det var ingen som bakket ut oppe i lufta, og me var vel enige alle sammen at da var ikkje så skummelt som ein frykta. Det kan nok komme litt av at da var ikkje så mykje tid å kvi seg på. Etter dørene blei opna på 10 000 fot tok det ikkje lange tida før me var i lufta. Det kom vel kanskje ein liten tanke innom med "ka i alle daga har eg rota meg opp i no" men det var vel det. Tryggheten låg nok litt i det at me ikkje hoppa åleine. Det var egentlig bare heilt sjukt heile opplevelsen av å ha eit fritt fall mot bakken etter å ha kasta deg ut av eit fult fungerande fly. Me er vel alle fornøyd med fredagens begivenheter




På lørdagsmorgon var Marie, Kristine, Michelle, Elin og Eva tidlig oppe for å reisa ut å dykka på ca. 15 meters djup. Me kjørte båt ut på fjorden og kasta oss i vatnet, ikkje fult så forventningsfulle. Som tidligare nemt på bloggen er me jo alle lika glad i vasssport og tenkte atter ein gang "ka i alle daga er da me gjere på". Bølgene var vel ca dobbelt så høge som sist gang, når me bare plaska litt i vasskanten, og me skjønner enno ikkje kvifor dykkeinstruktørane trur at me er klare for å dykke i havet. Sidan Michelle, Marie, Kristine og Eva ikkje var ferdig med dykkerlappen blei det eit kort dykk der me gjorde triks på bunnen, og me såg eit par fisker og litt koraller, som foresten ikkje er anbefalt å ta på, sidan det svir godt i handflata etterpå. Elin og resten av dei me dykket med derimot, fekk dykke med hai. Det er me litt sjalu på, samtidig som det er i bunn og grunn lika greit. Men me tenker me mest sannsynleg må ta oss eit dykk te og oppsøke denne haien me har høyrt så mykje om, sidan me no er klare til å fare på eventyr på havets botn "åleine" . Seinare på kvelden vart det overaskelsesbursdagsfeiring for Anne (Ei me har truffet frå Arendal) som og blei veldig velykka, og takk gud for at me har vaske damer som kjem og ordna leiligheten vår kvar mandag.
Eit lite utrdrag frå bursdagsfeiring

Bilder frå Home Based Care


Klare for ein ny runde i Home based Care..


Alle jentene før me har begynnt å gå rundt til klientane.


Nokon av dei som arbeidar med Emanuel Care senter




Alle gatene i townshippen hadde navn frå land.. Så va stas å komma "heim":)





Ein mann me besøkte. Hadde stor åker med salat, løk og spinat..


Bestemor med barnebarn, mora til barnet var død, og bestemora hadde ansvaret for denne guten og broren hans.



Sidan me hadde så få klientar siste dagen, blei me tatt med på ein tur på skulen i nærleiken.





Måtte være gjerde rundt heile skulane og sikkerhetsvakt. Ellers kunne da komma folk å kidnappa ungane

Morfar og har hus i townshippen..

Etter to laange og spesielle veker på medisinsk på Livingstone, er me no begynnt ei veke i Home based care, det som skal tilsvare heimesjukepleien, utenom sjukepleien.. HBC fungerer egentlig meir som eit sosial basert heime teneste, der eit senter i ein township har klientar som på ein eller anna måte treng hjelp i heimen. Dei som jobbar på senteret er sosialarbeidara, mens dei som arbeidar i "felten" er firvellige, utan noko form for medisinsk opplæring, og mykje går på tru og synsing. Dei fleste får hjelp til oppfølging av behandling for HIV og tuberkulose. Og dei aller fleste familiane har ein eller fleire med HIV.

På mandag var me hos ei dame som hadde hatt slag, og var fullstendig pleietrengande. Det var dattera som stod for bahandlinga av liggesåra dama hadde fått. Me kom inn på eit rom i huset der ho låg, mest sannsynleg soverommet hennar. Rommet lukta sterk urin og det var mange flåge der. Dattera behandla sårstellet med vaskevatn frå resten av stellet, litt bomull og bandasje på såret, og pakka låret og hoftene inn i avispapir. Dette holdt naturlegvis ikkje bandasjen og bomullet på plass lenger enn akkurat i det ho tok det rundt. Dei me gjekk med "the caregivers"(frivellige) fortaldte at dei hadde sagt at ho måtte ha vatn med salt i når ho skulle stelle såret. Me prøvde å gje litt tips om at det beste for at såret skulle legast ville være om ein holdt det mest mogleg reint, med meir eller mindre sterilt vatn. Men sidan kommunikasjonen med dei frivellige ikkje er heilt slik den kunne vært svarte dei litt etter kva dei trudde me hadde fortaldt. Dette er noko som går igjen. Når me prøver å sei noko eller gje dei nokre tips svarar dei ofte litt etter kva dei trur me har sagt, eller spurd om.
Samme dag vart me sendt inn i eit hus der det budde ei jente som i lang tid hadde vert sjuk. Då me kom inn i rommet møtte me ei tynn jente som låg og skalv i senga. I følge ho sjølv og familien hadde ho vert sengeliggande i 4 måndar. Etter og ha snakka litt med ho var me alle enige om og ringa etter ein ambulanse, og forlatte huset i god tru om at ho skulle få hjelp på sjukehuse som ikkje låg so lang unna. Men då me kom tilbake onsdag, hadde ambulansn fortsatt ikkje dukka opp, dette var vist eit vanlig problem i town shippen da ambulansene møter opp når det passer dei.

Husa som dei bur i er så kalla Nelson Mandela hus, som staten har byggd opp etter apartheidstyret blei oppløyst. Desse husa skal ha strøm og toalett. Ellers er husa innreda til to soverom og ei stove kjøkken ilag. Sjølv om kjøkkenet somregel består av ein komfyr og i bestefall ein vask. Husa er noko uferdig innreda og har papir eller aviser på veggane, og nokre plassar berre mur. Golvet er ein blanding av golvbelegg direkte på jord og tepper om kvarandre. Dei som bur der seier dei er kaldt i husa etter sola er gått ned. Det er stor variasjon om inreiinga av husa, nåken har lite og gamle møblar, mens andre har fjernsyn og og svære sofagrupper. Det eine huset me var i hadde stort nytt fjernsyn og glas tvbenk og eit heilt nytt og moderande kjøleskap. Ho som budde i huset hadde ingen inntekt, og då me spurde om korleis ho hadde fått råd til å betale for tinga, fortaldte dei at ho hadde kosta gatene ifjor og hadde difor pengar frå det. Dette var ein historie me ikkje heilt kjøpte, og isåfall verkar reingjeringsbransjen i Sør Afrika å være ein ganske lukrativ bransje å arbeide i.

Townshippen me er i er ganske stor, og det er rundt 20 000 hus og skur, og det dobbelte av menneskjer som bur der. Sjølv om området er stort er det trangt om plassen og med så mange hus, er hagen rundt husa svært liten. Innimellom kjem det store bakkar eller områder med gras, desse er fulle av søppel og glasbrot. Når me spurde kvifor det låg så mykje boss overalt, var det nåken som lo og andre som svarte at det var fordi dei hadde kasta det der( noko me i utgangspunkte greide å tenke oss til sjølve). Dette er og dei samme områda som laus hundane, geitene og barna leikar på kvar dag.

Sidan dei ikkje kjører rundt i bilar frå hus til hus må me gå rundt til dei forskjellige klientane dei besøker. Og mange av dei andre som bur der roper og skriker etter oss og vil me skal komme å hjelpe dei. I dag då me kom gåande var det ei dame som slengte seg rundt halsen på meg( Marie) og Eva og kysste oss på hender og hals og fortaldte oss at ho var glad i oss. Meg og Eva blei lettare sjokkert og blei bare ståande å smila, sidan me ikkje kunne me handa på hjerta fortelle kor gla me var i ho og.

Folka her nede er mykje meir gjestfrie enn me er i Norge, og dei helser på stort sett det som kryper og går rundtom. Stopper oss og spør om alt mulig rart frå kor me har kjøpt kortmapper til kva maskara me brukar. Eller berre for å helsa på oss. Ungane på senteret for Home Based Care slenger seg rund føtene på oss og vil leika med oss. Nåken bruker dansetrinna til Michael Jackson som lokkemiddel for å få oppmerksamheit, mens andre brukar den gode gamle slå og skremme metoden. Sidan me er i frå kalde norge, både på tempratur og gjestfriheit, står me lettare sjokkskada tilbake som ein gjeng tilbakeståande geiter og berre smiler og lurar på kva me skal gjere..:)

Denne veka har berre vært arbeisdagar frå 09.00 til 12.00, så det har vært deiligt å nytt det fine været som har vært dei siste dagane:) Til helga skal me kanskje hoppe i fallskjerm, om ikkje angsten stoppar oss.

Ei lita samling bileter..

 
Medisintrallene på medisinsk avdeling. Står litt  overalt i avdeling og lett tilgjenelig for dei som skulle ønska seg noko attåt frukosten. Her blir all antibiotika og anna intavanøs blanda.


Ingen skal kunna anklaga Livingstone for ikkje å ha orden på skyllerommet.


Jaja, ingen problem, får bare vaska bekkena for hand..


Nurses home, pause rommet vårt


Litt vegleiing av vegleiaren vår Cassie:)


Leggane til ei dama som var innlagt. Ødem treng ikkje støttestrømper eller behandling. Lege seg sjølv her nede...


Klare for ein ny dag på Livingstone sjukehus. Nåken e meir skeptiske enn andre..


Jadda linkeparty på ein laurdagskveld. kjekt i Afrika.


Ute å ete på  Boardwalken:)


Etterlengta fredag





Kjempe klare for delfin show!


Men da va bare ei lite show på 10 min av ein sel og ein pingvin så gjekk...

I was Nemo, and I just wanted to go home...

Som tidligare nemnt har me tatt opp dykking som eit nytt fritidssyssel her nede. Sidan me alle er fryktelig interessert i vatn. Etter nokre rundar i basseng der balanse har vært eit av dei største utfordringane, trudde instruktøren vår, av ein eller anna merkelig grunn, at me var klare for havet, også kalla vasskanten. Først kan me fortelje om nokre episodar i bassenget då instruktøren prøvde å fanga Kristine, då ho skulle ta av vektbelte. Kristine for høgt og lavt og rundt og rundt, I følgje Eva, såg det ut som at instruktøren skulle fange ei havfrue i vill panikk. Ikkje alle har vatn som sitt rette element, og spesiellt er det underholdande å sjå på Kristine når ho skal synke nedover. No skal me ikkje skryte på oss at dette er noko me andre er spesiellt gode på, men Kristine har ein eigen evne til å snu salto eit par gonger før ho treff bassengbotn. Men tilbake til havdykket. Bølgene var større enn heima, og dette gjorde oss litt i tvil over ka me hadde sagt ja til. Etter me hadde kava oss uti, og skulle ned, begynnte panikken hos samtlige å stiga for fullt.  "i`m scared, i`m, scared" ropte me til instruktørane som prøvde å tvinge oss under vatn. Etter at ein og ein hadde kommen ned var det Eva sin tur. Instruktøren leide ho heile vegen ned, og stort sett heile resten av tida under vatn. Då ho prøvde å sleppe taket klemte instruktøren hardare. Så der for Eva og ein 50 år gammal instruktør på havetsbotn leiande for seg sjølv. Då me for opp etter å ha "kikka" rundt, var det absolutt nok for Eva, og ho klikka på instruktørane, "i hate this, i don`t know were we`re going or what were doing". etterfulgt av norsk" koffor dykke me på ein plass der me kan bli drept??". Etter instruktøren så hadde blitt forelska i Eva fekk ei anna oppgåve blei det litt betre og ho synes det var litt kjekkare og enklare. Men instruktøren hadde ikkje gitt seg, og i det me skulle gå i land kom han for å leie ho inn til land, sjølv om sjøen rakk ho opp til knea. Eg trur me kan seie at me er dei dårligaste dykkarane noko gong. spesiellt me frå Haugesund, me har lite eller ingen kontroll på nåken ting, og forstår knapt nok kva me held på med. Å få sett i saman utstyret trur eg er meir eller mindre tilfelldig at me får til kvar gong.


Praksisveka: Etter mandag kvidde alle seg for å gå på jobb igjen. Likavel møtte me opp. Utan store forskjellen på avdelingen har me likevel blitt meir vandte med tilstandane på avdelingane. Tirsdag var den store tempratur dagen på Marie og dei sin avdelingen, og alle 45 pasientane skulle målast. Då tempraturen skulle takast på ein av dei dårlige pasientane viste det seg etter litt risting og tilsnakking at pasienten var død. då hadde han logge med vidopen munn og auge og stirra ut i lufta i vertfall 20 min før nokon merka noke til det. Hos Kristine og dei var det ein pasient som var så overvektig at ho ikkje greide å reise seg opp av senga sjølv. Ho datt utav senga og ingen greide å hjelpa ho opp. Dette medførte at pasienten måtte ligga på golvet resten av dagen, med eit lite laken over seg. Sjukepleiarane såg ikkje ut til å bry seg særleg om dette. På Eva sin avdelingen skjer det generelt veldig lite. Her ligger pasientene på rekke og rad og ventar på å dø, mens sjukehuset på sin side går tom for reine laken og antibiotika, som resulterer i at dei ikkje kan skifte skitne laken eller gi pasientane behandling. Så avdelinga sin løysing på korleis ein skal halde lakena reine, er enkel og grei; Dei knytter pasientane fast i senga, og fester på dei ein urindom (også kalla kondom katheter).
Heldigvis er Livingstone sjukehus så stor at me har funne vårt eige rom " Nurses home" der me kan slappe av i pausane og trekke oss vekk i frå den sjuke tilværelsen på avdelingane. Sidan me har ein times lunsj pause, så går denne timen med til å eta, og sova resten av tida. Me kan vel trygt sei at da er ikkje bare bare å gå i praksis i Afrika. Etter lunsjen er det å slite seg opp de 4- 5 etasjane igjen, i trappene, sidan me har fått beskjed om å ikkje ta heisen, den er ikkje heilt til å stole på. Når ein går opp trappene kjenner ein allerede i 2 etasje den forferdelige lukta fra avdelingane over, det kjennes ut som om ein går inn i ein vegg av dritt, noko som er et resultat av den overdrevne "reinsligheta" som blir praktisert på avdelingane. Resten av dagane går då med på å stelle igjen, slik at pasientane er fine og reine (Vertfall over teppet) til dei pårørande kommer, og så er det bare å komme oss heim.


Her ein kveld når me kom heim frå dykking, som gjerne blir litt seinare enn planlagt på grunn av krangling med våtdraktene, sto det fem politibilar utanfor den lokale butikken vår, som ligger rett over gata for der me bur, og butikken var sperra av med bånd. Her hadde det tydeligvis skjedd noko alvorleg, og fantasien rant fritt på kva som kunne ha skjedd. Me var vel innpå dei fleste teoriar som for eksempel skudd, knivstikking, ran, og ran med mord. Men dagen etter var butikken open igjen før kl 07.00 om morningen som vanleg, og sånn me har skjønt det så var det vist bare eit ran.

Afrika helsing frå Marie, Eva og Kristine

Første dag i praksis

  Då va me kommen t Port Elizabeth( for ei veke sidan). Kommt litt seint i gang med blogging, men ska prøva å skjerpa oss. Har kommen oss litt meir i orden der me ska bu og blitt litt kjennt i området rundt. Leigd oss bilar så me kan farta litt rundt.. Vært i to dyreparkar og fått sett løver, tiger, elefant, giraff og sebra bl.a. Har og begynnt på dykkerlappen, får sjå om me står:P

Idag var første dag i praksis, og det er noko av det sjukaste me har sett( trur eg snakke for alle). Sjukehuset e skittent, og luktar vondt. Det ligger avføring på golvet som pasientar og personal trakkar i, uten at det ser ut til å bry dei så mykje. Blåser igjennom avdelingane, dette er nesten litt godt på grunn av den dårlige lukta. Men det gjer at sjukehuset er iskaldt, og dei fleste pasientane ligg med fleire dyner og huer inne. Stellet skulle ein tru det gjekk sporti om kven som fekk mest såpe på pasienten sin kropp, så det er nok noko av det beste her. Sett vekk i frå at vaskeklutane er kjøkkenfiller som blir brukt fleire dagar på rad. Sengetøy og handkleder er mangelvare og blir bare skifta på om morgonen, om det då er meir igjen. Fleire pasientar låg i dammar av urin. Dette fekk me beskjed om at ikkje var noko å gjere med fordi det ikkje var meir sengetøy igjen. Det var berre å breie på pasienten å gå vidare. Urinflaskene og urinposane blei tømt i ei bøtte som mest sannsynlegvis aldri har sett innsida av ein vaksemaskin, deretter tømt ut i ein utslagsvask full i klær. Pasientane slengte avføringa på golvet etterkvart.
Avdelingane hadde 45 pasientar fordelt på ca 5 sjukepleiara, og pårørande blei bedt om å komme tildeg på morgonen for å vaske pasientane, sidan sjukepleiarane ikkje hadde moglegheit til å vaske alle. Sjukepleiarane var tøffe og viste lite sympati for pasientane. ikkje snakka dei særleg med dei heller. men rista litt i dei og rope til dei innimellom. Me fekk beskjed om at me måtte smiska for at sjukepleiarane skulle svare og vise oss korleis me skulle gjere rutinar og prosedyrar i avdelinga.  Fire pasientar dødde i løpet av den tida me var på fordelt på tre avdelingar. desse blei pakka inn i plast, og forhenge trekkt føre. Her blei dei liggande, og venta på at noken skulle hente dei. Når me spurde fekk me noko unnvikande svar på kven og korti dei skulle bli henta. Ingen av pasientane blei henta så lenge me var der. Pasientane var alle veldig sjuke, og mange låg å ropte og skreik av smerter. Den medikamentelle behandlinga bestod i mange tilfeller av antibiotika og paracetamol. Forholda var mildt sagt uverdige. 

Likevel trur me at dette kjem til å bli ein kjempe opplevelse og utfordring å være i praksis her nede, og må prøve å gjere det beste utav situasjonen.


Med lover med handa på hjerta at me aldri skal klage på norsk helsevesen igjen!
                                        

Velkommen til det Store Utland. Eller vertfall Gardermoen...

Ja ja, då var ferden til det store Afrika begynt, og me har kommen så langt som til Gardermoen. Og det er kje bare bare, da er jo i Oslo :) Me sitter og venter på både reisefølge og fly. Som vil seia ca 7 tima ventetid. Detta er gøy og me kosa oss :) Ken kunne tru at da var så mykje å ta seg til på Gardermoen? Her er det både mat og sovestolar.
... Fortsettelse følger.... Afrika helsing frå Marie og Eva.


Les mer i arkivet » November 2009 » Oktober 2009 » September 2009
hits